Presteliv 1
Hei!
No er eg altså fungerande sokneprest i Stryn prestegjeld, og har ansvar for Nedstryn, Oppstryn og Loen kyrkjelydar. Litt sært, men veldig kjekt! Eg kom opp på onsdag i førre veka og fekk ei gravferd på fredagen samt musikkandakt på torsdag kveld og gudsteneste med dåp på søndagen. Midt inni dette skulle eg ha sørgesamtale og treffe dåpsfolket for å sjekke at alt var i orden.
Litt pes, men veldig gjevande! Eg blir godt mottatt av alle eg møter, og eg opplever og å bli brukt til dei grader!
Bilder kjem seinare - frå Stryn, vesle Ola som eg døypte (må seie at det var litt kjekt at min første dåp var ein som heitte Ola) og Sarah Christine som eg hadde dåpssamtale for i dag. Fram til då: sjå gjerne www.nordfjord.no, www.stryn.kommune.no.
Eg er oppe på mail, ola.ohm@broadpark.no, så send meg gjerne ein mail!

1 Kommentarer:
Gratulerer med blog, Ola!
Det med blog e en skikkeig smart og god ting! Det e jo kjekt å få vite litt kossen det går og sånn. Eg og Inger har og en blog. Den har ikkje fått så mange nye bidrag de siste månedene! Men me får se om ikkje det kan endre seg til høsten.
Høres ut som om du har fått deg litt å bryne deg på med den der prestejobben i stryn. Du må ha lykke til i alle fall. snakkes
Legg inn en kommentar
Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]
<< Startsiden